skip to main |
skip to sidebar
Det var ein gang to jenter på kvar sin side av Noreg som søkte seg inn på same folkehøgskule. Dei hadde ingen aning om kven dei skulle dele rom med, men havna tilfeldigvis i køen bak kvarandre da dei skulle få 'nykjelkortet'. Og det var ein god romkombinasjon! Dei fann etterkvart ut at dei var tvillingsøstrer skilt ad med fødselen (litt som i The parent trap med moteriktige Lindsay Lohan).
(dette er sjølvsagt bare tull, nesten!)
Ein regntung septemberdag var det duka for måneskinstur på Danvik FHS og folk lurte på kva dei skulle ha på då dei skulle gå tur med sin utkåra. Slik oppstod fashionduoen Ingrid-Kate og Unnsley Olsen. Det uslåelege moteteamet!
På skulen er det mange moteriktige elevar, så kvifor ikkje vise det til resten av verda? Vi trur også at ein skuleblogg vil gjere slik at vi har meir å tale om, og skape eit betre miljø! Så følg med på The Danvik fashion blog for all things Danvik.
Du finner oss forresten på rom 104 til din stilteneste!


Etter haustferien vil vi oppdatere jevnleg med bilete og reportasjar. Stay tuned!