fredag 30. oktober 2009

The fashion team presents: Fashion report #3- Band t-shirts

Band t-skjorter er ein tidlaus mote på Danvik som alle andre stader, og ein kan til stadigheit sjå både toppar, t-skjorter, jakker og anna med motiv frå ulike artistar og band. Alt frå listepop til blackmetal er representert her på Danvik. Det er bra å sjå at folk er interesserte i musikk!

TIPS: Ikkje gå med t-skjorter med band eller artistar du ikkje kan stå inne for at du likar.








onsdag 21. oktober 2009

The fashion team presents: Joakims beltetriks

Joakim H frå foto er ein av Danviks moterektige elevar. Og han inviterte The Danvik fashion team til å sjå på eit av hans hottaste tips for fattige studentar. Har du eit slitt belte kan du jo berre gjere slik som han istaden for å kjøpe eit nytt.

TIPS: Naglebeltar er hot i høst. Som gutt er det best til å halde oppe buksa med.
Men jenter kan ha det i midjen (over en oversize genser eller cardigan) for å skape ein tøff, men kvinneleg look. Naglar på vesker, armbånd, sko og andre accessories er også in. Rock'n'roll is here to stay!



Slitt belte?


Klipp av det slitte.


Sånn!


Formes etter din smak!


Ta-dah! heilt som nytt. Og heilt gratis!

Ps. Vi beklagar dårleg med oppdateringar. Ordet om The Fashion team har spreidd seg så vi har fått oppgåver som bl.a å dekorere rom og halde et moteshow. I tillegg har vi linjefag og valfag.
Men vi lovar at vi skal komme sterkare tilbake!


mandag 12. oktober 2009

The fashion team presents: Fashion report #2- Stripes

Striper er eit klassisk og tidlaust mønster, og Danviks elevar og lærarar veit dette særs godt. Alt frå stripete luer og skjerf til stripete bukser og gensarar er å sjå.

TIPS: Loddrette striper får deg til å sjå slankare ut. Vassrette striper får deg til å sjå breiare ut.








onsdag 7. oktober 2009

The fashion team presents: Wednesday gathering

Nei, det var ingen som hadde gløymt å lukke vindauget i peisestova på onsdag.
The fashion team hadde nemlig fått i oppgåve å dekorere peisestova til onsdagens onsdagstreff med tema Thanksgiving. Dei hadde aldri dekorert eit rom før, og hadde ikkje forventa oppgåva.
Likevel tok dei den med mot. Ingrid-Kate har jo gått formgjevingsfag på vidaregåande. Kor vanskeleg kunne det vere?

Og dei bestod, kanskje dei får same oppgåve til jul? Kven veit.

TIPS: Hausten har mange fine farger. Det er koseleg å gå ut å plukke dei fine bladane som faller frå trærne. Så kan du lage ein fin haustbukett til å setje på rommet ditt. Danviks internatrom er jo ganske fargelause.


Haustens farger!


Stippene hadde kjøpt ljos i riktige fargar.


Skulle tru noken hadde gløymt å lukke vindauga.


Ingrid-Kate imponerte med sitt teiknetalent.




Nam, kake.


Stemning.


The fashion team takkar treet!