3 Desember var det duka for sekstitallsfest på Danvik. The fashion team vart nesten rørte av alle dei fine antrekka. Vi gratulerer Sebastian E og Vera med seieren for beste kostyme.
Ein STOR takk til Marteline som lot oss låne nokre av bileta ho tok. Vårt kamera gjekk nemlig tom for strøm ganske tidleg på kvelden.
TIPS: Om du skal på ein fest med eit tiårstema, ikkje overdriv. Akkurat som det er nå, så var det ulike stilar. På sekstitalet var det mellom anna både hippiar og "sosser". Det var sjeldant hippiesosser. Hald deg til ein stil!
Her er nokre av våre favoritter frå den supre festen.
Ein regntung septemberdag var det duka for måneskinnstur på Danvik FHS og folk lurte på kva dei skulle ha på då dei skulle gå tur med sin utkåra. Slik oppstod fashionduoen Ingrid-Kate og Unnsley Olsen. Det uslåelege moteteamet!