Striper er eit klassisk og tidlaust mønster, og Danviks elevar og lærarar veit dette særs godt. Alt frå stripete luer og skjerf til stripete bukser og gensarar er å sjå.
TIPS: Loddrette striper får deg til å sjå slankare ut. Vassrette striper får deg til å sjå breiare ut.
Nei, det var ingen som hadde gløymt å lukke vindauget i peisestova på onsdag. The fashion team hadde nemlig fått i oppgåve å dekorere peisestova til onsdagens onsdagstreff med tema Thanksgiving. Dei hadde aldri dekorert eit rom før, og hadde ikkje forventa oppgåva. Likevel tok dei den med mot. Ingrid-Kate har jo gått formgjevingsfag på vidaregåande. Kor vanskeleg kunne det vere?
Og dei bestod, kanskje dei får same oppgåve til jul? Kven veit.
TIPS: Hausten har mange fine farger. Det er koseleg å gå ut å plukke dei fine bladane som faller frå trærne. Så kan du lage ein fin haustbukett til å setje på rommet ditt. Danviks internatrom er jo ganske fargelause.
På Danvik Folkehøgskule er det mange som følgjer rutetrenden, og skulen oser av rutete elevar og lærarar.Det går som oftast i dei klassiske rutete skjortene. Men vi har også observert rutete sko, skjerf og hatter.
TIPS: Flanellskjorter er varme og gode å ha på nå som det begynner å bli kjøligare ute, og vi i The fashion team er fan. Så stikk nasa inn i din fars/bestefars klesskap og hent ut ei av hans gamle ruteskjorter!
Det var ein gang to jenter på kvar sin side av Noreg som søkte seg inn på same folkehøgskule. Dei hadde ingen aning om kven dei skulle dele rom med, men havna tilfeldigvis i køen bak kvarandre da dei skulle få 'nykjelkortet'. Og det var ein god romkombinasjon! Dei fann etterkvart ut at dei var tvillingsøstrer skilt ad med fødselen (litt som i The parent trap med moteriktige Lindsay Lohan). (dette er sjølvsagt bare tull, nesten!)
Ein regntung septemberdag var det duka for måneskinstur på Danvik FHS og folk lurte på kva dei skulle ha på då dei skulle gå tur med sin utkåra. Slik oppstod fashionduoen Ingrid-Kate og Unnsley Olsen. Det uslåelege moteteamet!
På skulen er det mange moteriktige elevar, så kvifor ikkje vise det til resten av verda?Vi trur også at ein skuleblogg vil gjere slik at vi har meir å tale om, og skape eit betre miljø! Så følg med på The Danvik fashion blog for all things Danvik.
Du finner oss forresten på rom 104 til din stilteneste! Etter haustferien vil vi oppdatere jevnleg med bilete og reportasjar. Stay tuned!
Ein regntung septemberdag var det duka for måneskinnstur på Danvik FHS og folk lurte på kva dei skulle ha på då dei skulle gå tur med sin utkåra. Slik oppstod fashionduoen Ingrid-Kate og Unnsley Olsen. Det uslåelege moteteamet!