3 Desember var det duka for sekstitallsfest på Danvik. The fashion team vart nesten rørte av alle dei fine antrekka. Vi gratulerer Sebastian E og Vera med seieren for beste kostyme.
Ein STOR takk til Marteline som lot oss låne nokre av bileta ho tok. Vårt kamera gjekk nemlig tom for strøm ganske tidleg på kvelden.
TIPS: Om du skal på ein fest med eit tiårstema, ikkje overdriv. Akkurat som det er nå, så var det ulike stilar. På sekstitalet var det mellom anna både hippiar og "sosser". Det var sjeldant hippiesosser. Hald deg til ein stil!
Her er nokre av våre favoritter frå den supre festen.
TIPS: Originalitet er alltid bra. Det er mange som <3 New York (det er jo eit flott sted for mote, så vi forstår det), men ikkje så mange som <3 nynorsk eller tv-karakterar. Tenk originalt, så blir du lagt merke til!
Band t-skjorter er ein tidlaus mote på Danvik som alle andre stader, og ein kan til stadigheit sjå både toppar, t-skjorter, jakker og anna med motiv frå ulike artistar og band. Alt frå listepop til blackmetal er representert her på Danvik. Det er bra å sjå at folk er interesserte i musikk!
TIPS: Ikkje gå med t-skjorter med band eller artistar du ikkje kan stå inne for at du likar.
Ein regntung septemberdag var det duka for måneskinnstur på Danvik FHS og folk lurte på kva dei skulle ha på då dei skulle gå tur med sin utkåra. Slik oppstod fashionduoen Ingrid-Kate og Unnsley Olsen. Det uslåelege moteteamet!